Bugøynesgenser og gjenbruksposar
Ruth Else Salmi har laga mønster til Bugøynesgensar. Motivet er inspirert av naturen i bygda. Polarfjellfokk, fisk og bølgjer er med. Mønsteret har ho delt med dei som ønska.
Torsdag 21.4.22 var det strikkekafe. Kvar 14 dag får Bugøynes husflidslag låne lokaler vederlagsfritt på Lassigården for å ha strikkekafe. I går møtte 14 kvinner. Mange strikka og nokre hekla. Andre kom for selskaps skuld. Kaffe, noko å bite i, og utloddning er ein del av det faste programmet.
Praten gjekk livleg. Som når mange møtes, kom ein innom mange tema.
Ruth Else informerte om strikkekafeane framover våren. Lørdag 18.juni blir siste dato før sommaren. Den dagen kjem Kirkenes husflidslag på besøk. Klokkeslett og stad kjem vi tilbake til.
5. juli blir det årsmøte i husflidslaget. Ny kasserer og styremedlem er for valg. Og det er planlagt eit kurs i løpet av hausten. Kom gjerne med forslag. Alle er velkomne.
Som vanleg hadde alle med ein gevinst for utloddning. Gevinstene var pakka inn i ulike papir, frå gåvepapir til tørkerull. Alt etter kva den enkelte har hatt tilgjengeleg. Frå og med i dag er dette historie. Handlaga gjenbruksposar er framtida. Ellen Marie Steimo, har gitt laget 17 poser som vi skal bruke til å ha gevinstene i. Ellen Marie har tidlegare arbeidd som leiande helsesjukepleiar. Ho er no pensjonist.
Gjenbruksposar laga av Ellen Marie Steinmo
Handlepose laga i Malawi for å erstatte plastposer. I Kenya vart det i 2017 forbode å brukeplastposer, og seinare kom også forbodet i Tanzania. Dette er sjølvsagt av omsyn til miljøet.
Tekst & foto: Bjørg Solsvik