Songkveld på omsorgsenteret

10.02.2023

Songkveld med loddsalg og matservering på Bugøynes omsorgssenter.
Den første songkvelden i år i regi av helselaget er i hamn. Om ikke oppmøtet var heilt som dei første åra, vart det som alltid ein hyggelig kveld. Kjell Hastad akkompanjerte til songane på piano. Det var servert ostekake frå Bistroen, og til kvelds var det gryterett med salat og ferske rundstykker. Som seg hør og bør her på Bugøynes var det også loddsalg. Kvelden vart avslutta med trekking av gevinstar. Den som hadde desidert størst vinnerlukke var Harald Abrahamsen. I følge han sjølv har han aldri opplevd liknande.

Tekst & foto: Bjørg Solsvik