Open kyrkje i juli

17.07.2022

Kyrkja i Bugøynes er i år som i fjor open 2 timar dagleg i juli månad.

Kyrkja i Bugøynes er i år som i fjor open 2 timar dagleg i juli månad.

Folk frå bygda deler på å sitje vakt. For dei fleste av oss blir det omlag 2 gongar i løpet av månaden. Kyrkja er sentralt plassert i bygda. Ein plakat utanfor syner at kyrkja er open. Dagleg er det ikkje få som er innom. Det er flest turistar, men det hender også nokon frå bygda stikk innom. Nokre kjem for ei sitje ned og ha ei stille stund, andre for å berre sjå seg omkring. Mange har spørsmål om forskjellig både om bygda generelt, og om kyrkja.

Eg var vakt i fjor, og har vore det i år. Eg vart glad når eg såg den fine krukkene med blomar ved inngangen til kyrkja. Vart glad for at kyrkja har sett behovet for å gjere noko med inngangspartiet. I fjor var eg flau over å ta imot gjester når bed og uteområdet ellers var tydeleg vanstelt.

Det viser seg at det ikke er kyrkja som har regi på plantinga, men Aslaug Ingilæ, Sonja Hansen og Eva Høiberget. Dei har dei siste åra har gjort ein stor innsats med å plante i blomekassar og setje ut benkar fleire stader i bygda. Pengar til dette er donert av lag i bygda.

Inne i kyrkja er dessverre også i år kyrkjesølvet tatt bort. Heldigvis ligg nokre bøker framme på alteret. I fjor var alteret tomt. Eg undrer meg kva årsaken til dette er? Det er ikkje få kyrkjer i inn og utland eg har vitja. Aldri har eg opplevd at ALT det verdifulle er tatt bort. Eg er frista til å bruke ordet, respektlaus, når symbolske gjenstander som lysestaker og karet i døpefonten er gøymt. Eg meiner også at det skulle vore mogeleg å tenne eit lys i lysgloben for dei som kjenner behov for det.

Eg tviler på at tjuvar på leit etter verdiar frå kyrkjer har Bugøynes på lista si. Dessutan er vaktene til stades i den lille kyrkja vår heile tida den er open.

Tekst & foto: Bjørg Solsvik