Bugøynes husflidslag med julemesse




Laurdag 14. november var det julemesse på Bugøynes samfunnshus. Frå det opna kl 11 strøyma det på med folk, mest folk frå bygda. Ruskeveret var kanskje ein av årsakene til at det ikkje kom fleire tilreisande. Mange fine håndverksprodukt var å få kjøpt i tillegg til tynnlefser frå Linda Bardosen i Vadsø, og tjukklefser frå Bugøynes. Sjølvsagt var det mat å få kjøpt; rømme-og risgraut med spekemat, pølser med brød, kaffi og kaker. Det var lynlotteri som var svært populært spesielt for barna. Til glede for nokon, og skuffelse for dei som ikkje vann noko. Irene Linangi arrangerte juleverkstad for barna i vestibylen. Reknar med at det vart laga nokre julegaver der. Praten gjekk livleg rundt borda. Bygdefolk i alle aldre fekk anledning å treffast på ein mørk haustdag. Dagen vart avslutta med trekking av loddboka.
Tekst & foto: Bjørg Solsvik