Det gode liv av Bjørg Solsvik

02.02.2023

Forestill deg at du sit heime åleine. Du veit gjerne ikkje kor du er, eller kanskje du av og til veit kor du er, men ikkje veit kor familien din er, eller om du har familie. Du veit ikkje om nokon kjem til å komme og når tid. 

Det gode liv.

Innslag i media om forholda for demente heimebuande, og andre eldre pleietrengande, har gjenoppliva både sinne og frustrasjon i meg på vegne av denne pasientgruppa. Eg har jobba i nærare 40 år som sjukepleiar. Mine første og siste år i eldreomsorga. Eg har også erfaring som pårørande. Far min levde til han var 97 år og hadde behov for hjelp frå helsevesenet dei siste 5 åra.

Det siste året har eg vore pensjonist og har hatt anledning å skyve til sides mykje av det eg opplevde som vanskeleg dei siste åra i jobb. Ein jobb eg har vore svært glad i. Eg skjønner godt at yngre sjukepleiarar som har lenge igjen i arbeidslivet skifter yrke, eller iallefall drøymer om det. Mykje er sagt og skreve om det i ulike media dei siste åra. At det ikkje er oppfatta av leiinga i kommuner eller helsebyråkratar, finn eg underleg.

Å ønske seg bort frå uhaldbare arbeidsforhold er naturleg. Dette om evna til medkjensle med pasientar og evna til å ta vare på seg sjølv er inntakt. Det er ikkje uvanleg at denne evna kan bli svekka ved å jobbe under krevande forhold. Å jobbe med alvorleg sjuke i eit høgt tempo, der ein må gå på akkord med både faglege og etiske standarar, blir ein prega av. Om ikkje evna til medkjensle blir redusert, kan den bli forsterka. Det vil seie at helsearbeidaren kan bli så førsom at utbrenthet kan bli resultatet.

Forholdet i eldreomsorgen

Det er allment kjent at forholda i eldreomsorga, både på sjukeheimar og i heimesjukepleien, er blitt meir og meir pressa, med sjukare pasientar og færre ansatte. Langt frå alle institusjoner greier å gi god kvalitet på omsorga. Vi må hugse på at 80 prosent av bebuarane på norske sjukeheimar er kognitivt svekka. Gjennomsnittleg levealder etter å ha fått plass i sjukeheim er ca 2 år. Desse tala vil eg hevde seier noko om tilstanden til bebuarane, og dermed pleiebehovet. Det er ein vesentleg skildnad frå siste halvdel av 80-talet når eg hadde mine første år som sjukepleiar og til no. Mange har forsøkt å løyse dette med alt frå forsøk på meir effektiv jobbing hos dei ansatte, tidfeste arbeidsoppdraga hos den enkelte brukar/ pasient, og til å foreslår at personalet skaffer seg mestringsstrategier til å takle dette ved hjelp av mindfullness, yoga eller meditasjon.

Det auka presset har naturligvis samanheng med eit auka antal av dei eldste eldre. Etter mi meining er det også påvirka av måten ein ser på kva som er eit godt liv for mennesker. I dag kan det synast som om at det gode liv for eldre, uavhenging av brukaren/ pasienten sin tilstand, er å vere heime. Heimesjukepleie og tekniske velferdsteknologi skal gjere dette mogeleg.

Er de eldste blitt rådspurt?

Det virkar ikkje som dei eldre sjølv er blitt rådspurt i særleg grad. Sjølvsagt vil dei fleste som har ei nokolunde helse og eit godt nok nettverk, bu heime. Det er ikkje snakk om denne gruppa. Dei som treng ekstra omsorg, og det gjerne heile døgnet, er dei med kognitiv svikt eller andre helsemessige problem som gjer det utrygt å vere heime. Den enkelte sjølv, eller pårørande, kan beskrive kor skoen trykker. Dei må bli lytta til, og tatt på alvor. Eg for min del har aldri opplevd ein person som ønsker seg ein plass i sjukeheim fordi ein er selskapssyk. Eg har derimot møtt mange som opplever heimesituasjonen som utrygg og einsam.

Den enkelte eldre har i tillegg til sin noverande situasjon, også ei livshistorie å bere på. Denne «ryggsekken» kan innehalde så mangt, også tunge ting. Å sitje åleine med slikt mesteparten av døgnet kan gå utover livsmotet. Som sjukepleiar skulle vi vite godt kva noko slikt gjer med menneske.

Skodespelaren Lise Fjellstad, som har engasjert seg i debatten om eldre den siste veka, seier at for å vere ein god skodespelar må ein ha evne til innlevelse og fantasi. Det vil eg påstå er eigenskapar ein god sjukepleiar også må ha.

Forestill deg at du sit heime åleine. Du veit gjerne ikkje kor du er, eller kanskje du av og til veit kor du er, men ikkje veit kor familien din er, eller om du har familie. Du veit ikkje om nokon kjem til å komme og når tid. Du veit ikkje når bussen går slik at du kan komme deg til butikken når du ser du mangler mat. Kanskje står du lange tider og venter på bussen på kvelden fordi du trur det er morgon. Bussen kjem ikkje. Forestill deg at høyrer lyder i huset som gjer deg redd. Du finn ikkje telefonen, eller veit ikkje korleis du skal bruke den. Du finn ikkje ut av korleis slå på komfyr eller kaffitraktar. Kanskje kjem det ei dame som seier ho er frå heimesjukepleien. Du er ikkje heilt sikker på om det stemmer. Såpass veit du, at ordentlege sjukepleiarar har kvit uniform. Denne har blå kjortel og kvite bukser. Ei av dei spør ein dag du ikkje klarer å skjule at du er redd, det er kaldt i huset og du mangler mat, om ikkje du heller har lyst til å flytte på sjukeheimen. Der er det varmt og og godt, god mat og snille folk.

Du blir livredd. Sjukeheimen? Kva er dette for noko. Nei, svarer du, her har eg alltid budd og her vil eg bu. Sjukepleiaren ser at du blir forskrekka og lei deg, og da seier ho kanskje at sjølvsagt skal du få bu heime om det er her du har det best. Og at du skal få den hjelp du treng.

Fleire institusjonar er blitt nedlagt

Retten til sjølvbestemmelse står høgt i Norge! Å få bestemme over eige liv er ein menneskerett. Men det forutset at ein er orientert om sin situasjon og kan ta valg. Menneske som ikkje er orientert verken om situasjon, eller tid og stad, har behov for at andre hjelper dei til å få trygge og gode rammer rundt seg. Dei har ikkje behov for at hjelpeapparatet eller politikarar skjuler seg bak fine ord som til dømes autonomiprinsippet, livsgledesykehjem, og prosjekt som; pasientsentrert omsorg, leve hele livet,og hva er viktig for deg.

Det dei har bruk for er omsorg av menneske med tid nok og kompetanse.

Tv programmet Brennpunkt onsdag 18.januar i år viste pårørande som kjempa for å få god nok hjelp til sine foreldre. Alle eldre har dessverre ikkje barn eller andre nære pårørande som kan tale deira sak. Desse kjem truleg sist i køen av dei sannsynligvis fleire tusen som kan ha behov for døgnkontinuerleg omsorg.

Dei siste åra er antal sjukeheimsplassar redusert med omlag 2500. Mange av desse plassane tilfredsstiller neppe dagen krav til standard med f.eks bad på kvart rom. Dei kunne kanskje likevel vore bra nok når alternativet er verre. Eg veit at fleire institusjonar er blitt nedlagt av slike grunnar, blant anna St. Halvardshjemmet i Oslo. Desse no nedlagte institusjonane har blitt oppfatta som gode å både bu i, og å jobbe i, for både pasientar og ansatte.

Sør -Varanger kommune skal legge ned ni sjukeheimsplasser for demente, til fortvilelse for pårørande. Eg veit at det også i Sør- Varanger kommune er mangel på heildøgnsplassar, ikkje berre i dei store byane.

Også dag-tilbodet til denne gruppa er redusert i kommunen vår. Det burde vel heller vore auka om det er fleire som skal bu heime? Helseminister Ingvild Kjerkhol seier på nyheitene 26.01 at «aktivitet og meining i hverdagen er viktig i et helsefremmende samfunn.»

Ifølgje utlysingsteksten til ei stilling som sjukepleiar i vår kommunen står det at hovudmåla er, sitat med mi utheving :

«Hjemmebasert omsorg (HBO) har som målsetting at alle innbyggere i kommunen skal kunne bo i sitt eget hjem så lenge de selv ønsker.

Sør- Varanger kommune skal ha en brukerorientert tjeneste med effektiv bruk av eksisterende ressurser.

Sør Varanger kommune skal sikre at alle brukere uavhengig av alder, diagnose kan bo i eget hjem så lenge som mulig.»

Det kan nok vere mogeleg for mange å bu heime lenge, kanskje heile livet. Korleis livet for nokre av dei kan bli, er ei anna sak. TV- programmet, Brennpunkt den 18.januar i år, var med å illustrere dette.

Mi erfaring er at det gode liv for eldre ikkje alltid er heime når helseplager, utrygghet og ensomhet, gir redusert livskvalitet.