To sjeldne plantar på kyrkjegarden

21.08.2022

MARINØKKEL, Botrychium lunaria

Blomen er ikkje uvanlig i mange deler av landet, bla i fjellstrøk og i nord. I Sør-Norge er den på sterk tilbakegang. Truleg på grunn av opphør av slått og beite i utmark, dermed aukar gjengroinga. Den er på raudlista over arter som er trua av utrydding.

Hobby-botanikar og tidlegare prest Hans-Jacob Dahl frå Hjerkinn som kom for å sjå polarfjellflokk på kyrkjegarden i bygda, synest han var heldig å få sjå eit eksemplar av marinøkkel på same tid.

Etter gammal tru bring det lukke å ete det første marinøkkelbladet ein fann om våren. Den kunne også brukast som magisk middel til å opne låser. Namnet kjem av at enkelte arter liknar ein gammaldags nøkkel. ( Store norske leksikon)

Bilete er tatt den 1.august 2022. Polarfjellflokk til venstre og marinøkkel til høgre.


Tekst & foto: Bjørg Solsvik