Leserinnlegg: Maria, Marie og julefred (pusterom i juletida)

30.11.2023

Eg kom til å tenke på franske dronning Marie Antoinette 1755 -1793, når eg såg innslaget med Maria Haukaas Mittet på Laurdagsrevyen 25.november. Haukaas Mittet framsto for meg som vakker, trygg og oppriktig der ho hevda det blir aldri nok julekonsertar. Ho seier at både publikum og artistar treng det. Ho framfører i innslaget ein song der teksten er skriven av NRK reportar Christian Ingebrethsen. I sangen blir det ramsa opp ei rekke artistar som skal ut på turne før jul. Bedre reklame i beste sendetid i den reklamefrie statskanalen får dei neppe. Det er ikkje få konsertar som skal haldast før jul, visstnok nærare 400, og det ser ut til å bli fleire år for år.

Maria Haukaas Mittet gir som sagt uttrykk for at ho veit at mange i landet slit for tida. Men har truleg ikkje fått med seg at det som gir størst bekymring for mange, er at dei rett og slett manglar pengar. Pengar til mat i det daglege, og sjølvsagt pengar til å kjøpe noko ekstra godt til jul, og å kunne kjøpe julegåver til barna sine. Mange frivillige aktørar er aktive og deler ut både mat året rundt, og gåver i juletida, til dei som treng det. Sjølv barn ned i 7 års-alder har fått dette med seg. Ein gut samlar inn pengar og gåver i medkjensle med barn som ellers ikkje ville få gåver til jul. Eg undrar meg verkeleg over at Mittet gjev det rådet at dei som slit bør få med seg julekonsertar. Konsertar med profesjonelle artistar kostar mange hundre kroner for kvar billett. Det er noko rimelegare for lokale kor og orkestrer, men også her kostar det pengar. I Bergen er det i år slutt på Eviny (tidlegare BKK) sin gratiskonsert i Johanneskyrkja. I 24 år har dette vore eit populært arrangement som i følgje Eviny må gå ut på grunn av dårleg økonomi. I fjor var det totalt fire konsertar på to dagar midt i desember. Har eg forstått det rett er julekonsertar ei viktig inntekt for ein del artistar, og kyrkjer er den vanlegaste arenaen for arrangementa. Er dette det vi ønskjer at kyrkjene skal assosierast med? I allefall voner eg kyrkjene tar klekkelig betalt slik at dei kan spe på ein skral økonomi.

Når folk ikkje har pengar til mat og ser seg nøydd til å oppsøke matsentraler, korleis skal dei då ha råd til å gå på konsert, enten åleine eller ta med familien? Eg er klar over at artistar nok må øve mykje i forkant av konsertturnear.

Heller ikkje dronning Marie Antoinette var heilt oppdatert like før den franske revolusjonen. Historia fortel at når ho fekk vite at folk flest ikkje hadde brød til å ete forslo ho at dei heller kunne ete kaker.

Bjørg Solsvik, Brattholmen

Foto: Skjermbilde fra Dagsrevyen og bilde fra Wikipedia.